Medrivande dikt som famnar mykje

 BOKFAKTA
«Den gangen vi var skog»
Forfatter:A.C. Kleppe
Forlag:
BOK: Matematikaren Kurt Gödel kom i 1931 med ufullstendigheits-teoremet sitt om matematikkens natur. Dette slår fast at det alltid vil vera spørsmål som ikkje kan provast eller avkreftast på grunnlag av dei aksioma som definerer systemet. Eit slags argument for «out-of-the-box» tenking, kanskje. Sjølv enda Gödel livet sitt på tragisk vis, idet han nettopp ikkje kom «out-of-the-box». Han stolte i så liten grad på nokon, at han ikkje ein gong ville ta imot mat frå omverda. A. C. Kleppe, som sjølv er partikkelfysikar, som debuterte i 1990 og har publisert to samlingar til før ho i år er ute med den pirrande tittelen «Den gang vi var skog», skriv faktisk eit sterkt dikt om denne Gödel. Å vera «ensom med et felles språk» handlar det mellom anna om. Og elles skriv ho om død og lengt, om store rom og Nagasaki, stadar og kjærleik og ulike lagnadar. A. C. Kleppe skriv dikt om språket sine grenser, forståinga sine grenser, og dikt som har ein dåm av å ha kome hit frå ei anna tid. Dei er liksom verken nye eller gamle. Ikkje for det, her er nåtidsord som e-post og bensinpumper, og det er absolutt ikkje noko utdatert over dikta! Men likevel er det noko tidlaust og svevande vakkert over forma ho skapar. «Huset rister i en hvalgrå vind».

Noko litt visdomsromantisk og mytisk kan av og til dukka opp, og det hender at dikta ber for mykje bodskap og vaklar. Men dei fleste dreg meg inn i universet sitt. Fordi dei handlar om vesentlege ting og fordi ho er i ferd med å få skikkeleg grep om verkemidla sine. Og det på eit vis som får meg til å stussa over at ho ikkje har fått meir merksemd. Her er mange gode dikt som med sitt fengjande, lågmælte formspråk vil kunna tiltala mange. Ho har ei naturleg forteljarglede og ein detaljert observasjonsevne, saman med eit både vidt og intimt kjenslenivå som kan oppsummerast med nokre ord frå den førre boka: «ømheten slår rot i lyset».